Velkommen til Sande i Sunnfjord - Gaular. Her har vi meir enn dansefestival å by på! Sande er kommunesenter i Gaular kommune som strekker seg frå Gaularfjellet i aust til inste del av Dalsfjorden i vest... Heilt øverst i dalføret finn du Nasjonal Turistveg over Gaularfjellet. Turen går nedover langs det freda vassdraget kor foss følger foss. Over Likholefossen er det bygd ei opplevingsbru! Ved Hestadfjorden finn du eit vakkert lite kapell frå 1805. Vidare forbi Sande tar vegen deg til Osen Gard, eit jarlesete frå Vikingtida. Ved den mektige Osfossen finn du den eldste laksetrappa i landet. Tønnefabrikken i Bygstad er verdt eit stopp. Her får du forfriskningar og tønnehistorie! Følg skilting til Rytne Gard med fantastisk utsikt og tilkomst til Sunnfjords høgste fjell, Storehesten. Gaular har eit unikt område for vandring og fiske i fjord, elv og fjellvatn - vi overlet til deg å gjere eigne oppdagingar!

Har du ein attraksjon/informasjon som vi burde få med her?
Send ein e-post med link til den aktuelle sida, så legg vi linken ut her!

Sande Dansefestival - e-post: post@sandedansefestival.no - tlf: 57 71 80 50