Vassendgutane

Vassendgutane er ute med ny plate, berre eit år etter forrige utgjeving. Det nye albumet «HESTESLEPP», som også er gitt ut på vinyl, solgte til gull på berre 3 dagar, 17000 eksemplar, gikk rett til toppen på VG-lista, og får strålande tilbakemeldingar frå fansen. Plata er ei god oppfølging til tidligere plater. Bandet har tillete seg å eksperimentere med nye stilartar innan country, og det er tydeleg at dei tre nye musikarane som har komme med i løpet av det siste året har hatt innverking på sluttresultatet. Blant anna er elgitar meir i fokus no enn på tidligare plater, Frank Willy Utgård har her gjort en meget bra jobb. Siden nyttår har bandet fått to nye bandmedlemmer. På steelgitar, Alf Rune Melby frå Skjåk, ein musikar med lang erfaring i countrybransjen, han har også vore med i fleire kjente band. På trommer, Kim Erik Lillestøl frå Sykkylven, som har vore med i diverse konstellasjonar innan både jazz og andre stilartar.

Det har også komme ein ny musikkvideo, «Feite Egil» som omhandlar ein matglad kar som møter opp i 20-års konfirmasjonsfest, og får en heller bastant kommentar på sin kraftige kroppsbygning. Videoen har allereie blitt ein hit på Youtube, det er tydeleg at fansen sette pris på både musikken og å sjå bandet.

På konsert med Vassendgutane får du oppleve kva det vil sei å være på ein ekte fest på lokalet. Bandet gir alt, og dreg med publikum i allsang så det ljomer! Det er nesten umulig å forlate lokalet utan å være i godt humør.

Bandet har til no komme med 7 CDar og 2 live konsert-DVDar, der XO utmerkar seg med dobbel platina, ellers har alle utgjevingar solgt til minimum gull. Låter du vil høyre er for eksempel Granada, Ungkar med dobbelseng, Siste dansen, Nam Nam Nam, 60-sone og mange flere.

Meir info: www.vassendgutane.no

Steinar Engelbrektson Band

Steinar Engelbrektson med band står framfor eit år fullt av speleoppdrag. Frå debuten i 2002 har Steinar Engelbrektson med sitt band til no gitt ut 7 plater, spelt inn 14 videoer og hatt mange gode plasseringar både på fylkestoppen i Sogn og Fjordane og på Norsktoppen. «Terningen er kasta» er siste utgivelse frå SEB og den har solgt svært bra.

SEB er eit crossover-band mellom country og danseband, alt framført på klingande dialekt. Flotte tilbakemeldingar frå publikum og arrangørar over det ganske land har gjort til at SEB er blitt eit ettertrakta orkester både på country- og dansescener og festivaler.

Meir info: www.steinar-engelbrektson.no

Kathe`s

Etter å ha reist land og strand rundt med dansetrioen Kathe`s, har karriera til songfuglen frå indre Nordfjord verkeleg fått fart. Etter stor suksess med singellåtane ”Om englar finns” og ”God som eg var mot deg” på både lokal radio og ikkje minst på NRK Dansefot Jukebox, har både publikum og arrangørar verkeleg fatta interesse. Kathe`s har toppa Fylkestopplista på NRK Sogn og Fjordane, gitt ut duettar saman med Steinar Engelbrektson og ikkje minst, spelt for tusenvis av danseglade mennesker dei siste åra. Framtida inneheld planar om meir tid i studio med nye låtar, men i tillegg gjere det dei likar best; å reise rundt for å underhalde eit stadig veksande publikum. Repertoiret til Kathe`s inneheld slagerlåtar frå kjende dansebandartistar og passar perfekt for eit vaksent publikum som vil ut på golvet å få svinga seg!

Når Kathe er ute på veien og spelar til dans, har ho med seg Otto Raudi på gitar og kor, og Akselund Åsebø på tangentar. Desse tre backa av eit solid komp på disk får dansefolket til å svinge seg!

Meir info: www.kathesunde.com

Sixpack

Sixpack er ein duo som set publikum, dans og feststemning i høgsetet. Duoen med Bjørn Engelbrektsson og Anders Ole Sørensen er ein dans og festduo som leverer låter frå kjende artister som publikum har svinga seg og sunget til i flere tiår. Med eit godt komp på boks fyller dei lokala med godt humør, god lyd og låter frå blant andre Hellbillies, Vassendgutane, Alan Jackson, Elvis, Plumbo og mange, mange fleire.

The Poor Boys

The Poor Boys CC Revival Band låter nesten bedre enn orginalen! Her blir det eit gjennsyn med dei mest kjente Creedence låtene som; Proud Mary, Have you ever seen the rain, Bad moon rising, Cotton fields, Let the midnight special, Down on the corner, Lodi, m.m.

Men la deg heller ikkje overraske av dei meir ukjente sidene ved bandet; For Creedence har meir å by på! I løpet av dei ca. fire åra bandet var aktivt sveipte dei innom både blues- og countrysjangeren. I løpet av ein kveld spelar The Poor Boys seg gjennom det meste av Creedence sine innspillingar.

Medlemmer i The Poor Boys er: Karl Henrik Svensson (gitar/vocal), Hans Tore Hansen (bass/vocal), Tormod Kayser (trommer) og Helge Laastad (gitar).

Snart førti år etter at bandet vart oppløyst er Creedence like populært uansett kjønn og alder!

Sande Dansefestival - e-post: post@sandedansefestival.no - tlf: 57 71 80 50